Hopp til hovedinnhold

Masteroppgave Malin Piegsa

Blir 10-FAKTOR opplevd å vere eit verkty for leiarutvikling?

 
Ein ny studie om 10-FAKTOR i masterprogrammet for Samfunnsplanlegging og leiing i Volda. «På kva måte opplever kommunale leiarar å ha utvikla sitt leiarskap som følgje av 10-faktor?».
Malin Piegsa som er personalsjef i Skodje kommune har intervjua kommunale leiarar eitt år etter at dei hadde gjennomført 10-FAKTOR. Intervjua tok utgangspunkt i kva det inneber å vere leiar, kva leiarane har lært og korleis 10-FAKTOR vart gjennomført.
 
Kva funn har ein gjort?
Studien viser at leiarane som følgje av 10-FAKTOR har tileigna seg ny kunnskap om medarbeidarane og deira behov for meistring og relevant kompetanseutvikling. Denne kunnskapen har bidrege til refleksjon over eiga leiarskap, men leiarane opplever ikkje å ha forandra sitt leiarskap av den grunn.
Døme på endringar som leiarane likevel har gjort i etterkant av 10-FAKTOR gjeld arbeidsmetodar og måten ein til dømes gjennomfører felles samlingar og personalmøter på. Desse endringane er synlege for medarbeidarane, men ikkje systematisk implementert i organisasjon.   

Les hele oppgaven her.